Mjøl, vatn & salt

Eit mikrobakeri i Roleghaugen 4.

Vårt mål er å baka ærleg bakst til lokalbefolkninga,
bakverk som ein kan gle seg til å smaka.

 

Slå fylgje på InstagramSlå fylgje på Facebook

Velkomne til

Bakeri Roleghaugen

Vår plan er å baka ærleg, økologisk bakst til lokalbefolkninga på Stord og omegn; bakverk ein kan gle seg til å smaka; litlagleo. 

Opningstider

Sporadisk – ein til to ganger i veka fra kl 10.00 til 16.00. 

Merk: Etter klokka 16.00 pakkar me inn baksten og legg merka brød og småbakst i vippskassar; velkomne til Baksteplassen, fram til kl. 20.00.

 

Helsing frå bakaren

Me er takksam for at mange likar brødet me lagar i det vesle mikrobakeriet.

– Ofte når eg bakar brød tenkjer egdei som skal eta brødet. Dei vaksne og borna som samlar seg rundt skjærefjøla medan dei skjerer seg ein blings.

 – Tru om dei likar brødet?

Fleire foreldre fortel om born som nyt brødet, at dei gjerne ber om ein ekstra blings. Somme fortel om at dei kjenner ei endring i magen; den er ikkjeuroleg lenger. Nokon fortel om auka energi. Eg trur at surdeig er bra for oss, økologisk mjøl er godt; når me modnar deigen i mange vende før me steikjer brøda, vert det optimal frigjering av næringstoff.

Det er begrensa kor mykje me kan klare å produsera; nett no  produserar me på maks kapasitet dei dagane me har bakstedag.

Det er stas.

Me opnar kl 10.00, då er dei fleste brøda og småbaksten ferdige.

Baksteplassen er open til klokka 20.00. 

Hjarteleg velkomne til små og store

Venleg helsing Berit

Cateringen frå Bakeri Roleghaugen er fargerik, freistande, nyskapande og næringsrik. Me leverer svært gjerne i kunden si eiga gryte, då sparar me miljøet for mykje emballasje. 

Du kan tinge varme og kalde rettar; frukost, lunch og middag kan me levere ut til ditt selskap. Me tilbyr catering til små og store
hendingar i livet.

Me i Bakeriet har fokus på at kvart einaste brød har topp kvalitet; laga av dei beste råvarer som er å finna, difor nyttar med mjøl frå
Holli Mølle i vår produksjon. 

Me nyttar kun økologisk mjøl i bakverket vårt. Me freistar å har eit so rikt og varierande utval av brød og bollar som rå er.

Me dekkjer bord til fest og godt lag, me dekkjer bord i sorg og tunge stunder, me dekkjer bord i samband med ulike merkjedagar. Treng du hjelp med å pynte og dekkje bordet? Ta kontakt med oss. 

Me er fleire som er gode på å dekke/ pynte bord og lokale tilpassa hendiga som skal markerast. Be oss om ei «pyntepakke» samstundes som du tingar cateringmenyen.

Opningstider

Sporadisk – ein til to ganger i veka 
fra kl 10.00 til 16.00.

Etter klokka 16.00 pakkar me inn baksten og legg merka brød og småbakst i vippskassar; velkomne til Baksteplassen.

Ta kontakt

Ta kontakt med Bakaren

På tlf: 48 44 55 20
eller på
bakaren@bakeriroleghaugen.no

Du kan gjerne vitja oss i Bakeriet
Roleghaugen 4
5416 Stord